ads

Wednesday, October 19, 2016

Jensen: - brukte slør provokasjon

Siv Jensen trur kvinner som brukar nikab gjer det for å provosere. Og nei, du får ikkje jobb hjå ho heller om du møter opp i det heildekkande plagget.


– Eg meiner vi må kunne sjå folk i ansiktet når vi jobbar saman, seier Jensen.
Alleiere før regjeringa sin integreringskonferanse tysdag klinka innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug til på si Facebook-side:

– Skapar utryggleik

På spørsmål om bruk av nikab provoserer, svarar Frp-leiaren:
– Eg trur dei som vel å bruke det, ynskjer å provosere. Eg ville finne det smartare å heller bruke tid og krefter på å tilpasse seg det norske samfunnet, som ein har fått anledning til å busetje seg i. Ein må vere villeg til å bidra til å la seg integrere.
– Kunne du tenkt deg at Noreg var eit nikabfritt-samfunn?
– Det er eit klesplagg som undertrykker kvinner og som skapar utryggleik fordi vi ikkje ser kven som er inne i klesplagget.

Framstegspartiet har lenge gått inn for forbud mot det ansiktsdekkande plagget, og grasrota reagerte med sinne då VG slo opp «Frp-Sylvi: Nei til nasjonalt niqab-forbod i skulen» i midten av september. Frp hadde tapt kampen internt i regjering, men Høgre måtte gje etter då også Ap pressa på.
Enden på visa vart at regjeringa gjekk inn for eit nasjonalt regelverk mot nikab på skular, universitet og høgskular.

Nikab som ungdomsopprør

Religionshistorikar Kari Vogt, som har gjeve ut fleire bøker om islam, meiner eit slikt forbod kan virke mot sin hensikt.
– Eit eksplisitt forbod vert lett ei oppmuntring til å bruke niqab. Dersom ei kvinne med nikab må avslutte eit studium ved universitet eller høgskule, betalar ho ein høg pris. Men det må vere hennar val. Dei aller fleste tilpassar seg dersom dei vert bedne om det på ein sivilisert måte.
– Jensen seier nikab vert brukt for å provosere. Har ho rett i det?
– Både óg. Noko av dette kjem nok som fylgje av eit ungdomsopprør. Det ligg ein kulturkritikk i det. Dei reagerer mot ei rekke ting i europeisk- og vestleg kultur. Det er ikkje heilt galt å sei at det er for å provosere, men det er heilt sikkert også andre nyansar i det.

Ifylgje Vogt er det umogleg å sei kor mange som brukar nikab i Noreg i dag. Men omfanget er uansett lite. Stort sett vert plagget brukt av kvinner som er påverka av salafisme, ein sterk konservativ trusretning innan islam.
– Plagget er upraktisk og lite sosialt. Når Erna Solberg seier at ho ikkje vil tilsetje nokon som brukar nikab, så er det meget forståeleg. Ein kommuniserer ikkje godt med eit menneske i nikab, seier ho.

7 comments:

  1. خدمات منزلية على أعلى مستوى تقديمها شركة التميز الجنوبي للنظافة العامة ومكافحة الحشرات وعزل الأسطح وعزل الخزانات الشركة ليدها معدات على أعلى مستوى ليدها فريق مدربة للقيان بالعمل تحت اي ظروف الشركة ليدها افضل وأحدث التقنيات الخديثة للقيام بكافة الخدمات المنزلية واليكم بعض من خدمات الشركة :.
    شركة عزل اسطح بابها
    شركة نقل عفش بابها
    شركة عزل خزانات بابها
    شركة تنظيف مجالس بابها
    شركة تنظيف شقق بابها
    شركة مكافحة النمل الأبيض بابها
    شركة ترميم منازل بابها
    شركة عزل اسطح بابها

    ReplyDelete